Eg skulle
bare plukka blåbær …
Foto: Harald Odd Steen
I det beste blåbærstøet 100 m frå hytta i Bykle snodde
plutseleg denne karen seg fram rett ved venstrehanda mi som heldt bærplukkaren.
Og så blei han liggjande og stira på meg. Det var skya og 15 grader, så han var
vel noko treig ‒ dessutan ser det ut til at han har noko i magen å fordøya. Eg,
som er så redd for ormar, blei ståande ‒ og tok fire bilde med mobilen (ganske
nært). Fotografen i meg vann over frykta ☺. Men
det blei ikkje meir bærplukking den dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar